
Den fjerde og siste konfekten eg laga til årets julegåve.
Dette er ein skikkelig farlig, liten sak. Og så enkel å laga.
Tok meg 10-15 minutt å laga.
Den er så god at… Ja.. Nesten lika greitt eg gav vekk så mange som eg gjorde.
Du treng:
- 1 boks (ca. 400 gram) søtet kondensert mjølk (Ikkje vikingmjølk!)
- 100 gram smør
- 200 gram brunt sukker
- 4 ss lyst sirup
- 1 vaniljestang
- Aluminiumsform eller anna form ca. 15 x 20 centimeter
(eg fekk tak i mi aluminiumsform i varmmat-avdelinga på lokalbutikken min, den var litt større enn oppgitt størrelse, og eg måtte derfor lage dobbel oppskrift av denne)
Ha kondensert mjølk, smør, brunt sukker og sirup i ein teflonbelagt kjele.
Snitt opp vaniljestanga, og skrap ut frøene. Ha desse frøene i kjelen.
Kok opp blandinga på middels varme under stadig omrøring. La blandinga småkoke i 10-12 minutt mens du rører heile tida.
Her er det nok viktig at du ikkje skrur på full power og får ein rask oppkok. Hold deg til middels varme, slik at blandinga blir skikkelig kokt opp. Dette har noko med at karamellane må nå riktig temperatur, eller så vil den ikkje stivne. Eg bruke ikkje noko steiketermomter, så eg hadde ingent temperatur å forholde meg til. Men visst du har tilgang på termometer, så kan du dobbelsjekke at den har nådd minimum 118 grader.
Når blandinga har kokt lenge nok, så kler du forma di med plastfolie, og deretter litt formfett. Så har du blandinga oppi forma.
At eg kledde forma med plastfolie gjorde det lettare for meg å ta den ut av forma. Har du kun formfett, så vil truleg karamellblandinga forskyva formfettet vekk frå midten, og det gjer det vansklegare å løsna massen ifrå forma.
Sett deretter forma i kjøleskapet over natta (minimum 4 timar).
Når massen har stivna, så tar du karamellen ut av forma på eit skjærebrett og byrjar å dele opp i små biter.
Dei treng ikkje vere så store, for dei gjer veldig mykje smak av seg.
Eit anna tips er å pakka dei inn i mellomleggspapir, dei er akkuratt passeleg store til desse karamellane.
Men ver obs på at karamellane blir ganske fort klissete. Så når du heller karamellen ut av formen, så ville eg ha delt den i to, og satt den andre halvparten tilbake i kjøleskapet, mens eg konsentrerte meg om å kutte opp den eine halvparten.
Sett karamellane kjøligt med ein gong. Desse bør oppbevarast kjølig så lenge så mulig.
Sett fram rett før eventuell servering.
Vel bekomme!


Folie og klistremerker kjøpt på Ebay.
Kjelde: Det Søte Liv
http://www.detsoteliv.no/oppskrift/myke-karameller