
Aspik eller Kabaret.. Klare aldri heilt bestemma meg for kva betegnelse eg vil bruka på denne retten.
Uansett så er dette noko eg MÅ ha til julefrukosten. Veldig godt, og for dei som er skeptiske, så smaker det egentlig ikkje så mykje
Aspik er veldig greitt å laga dersom du får besøk og skal ha klubb eller liknande òg.
Du treng:
- 2 pakkar Lys Buljong/Aspik
- 1 pakke Amerikans Grønnsaksblanding
- 1 pakker Bogskinka
- 4 egg
Legg grønnsaksblandinga på disken, og lat den tina litt.
Begynn med å hardkok dei 4 egga.
Når du har hardkokt egga, så bruk ein eggdelar og kutt dei opp i store, fine skiver.
Plasser eggskivene i botnen og på sidene i brødforma.

Så koker du opp buljongen/aspiken. Følg oppskrift på pakken.
Når du har kokt den opp, så avkjøl den litt.
Hell litt av aspiken oppi forma, nett slik at det dekker botnen.
Her er det SVÆRT viktig at aspiken ikkje er glovarm, og at du ikkje heller direkte på egga, for då smuldrer egga opp.
Sett forma så i kjøleskapet til aspiken har stivna litt.
(pass på at restane av aspiken i kjelen din ikkje stivnar heilt – rør litt i den av og til)
Kutt deretter opp bogskinka, og bland den med grønnsaksblandinga.
Når aspiken er stivna så heller du grønnsaksblandinga oppi forma, for deretter å heller resten av aspiken oppi.
Sett forma i kjøleskapet, og gled deg til julefrukosten 🙂