Ekta kakemenn/Vossamenn

Du treng:

  • 1/2 kilo sukker
  • 3,5 ts hornsalt
  • 4 dl mjølk
  • 1 kg kveitemjøl
  • 1/2 ts kardemomme/kanel
  • 2 ss smelta smør

Slik gjer du:

Bland sukker, hornsalt og mjølk. Og lat det stå ei lita stund.

Bland kardemomme i mjølet, og ha mjølet og det smelta smøret oppi resten av blandinga, slik at det blir ein jamn deig.

Kjevlast ut ca. 1/2 cm tjukk, ikkje tynnare.

Steik på 200 grader i 8-10 minutt.

Sjokoladepinnar


Sjokoladepinnar er som brune pinnar i konsistensen, berre at det er brukt kakao i staden for kanel.
Dessutan synst eg desse pinnane hadde litt karamell i smaken. Var i grunnen gode desse.

Du treng:

  • 175 gram sukker
  • 200 gram smør
  • 1 eggeplomme
  • 2 ss lys sirup
  • ca. 375 gram kveitemjøl
  • 3 ss bakekakao
  • 1 ts natron
  • 1 eggekvite
  • perlesukker

Pisk sukker og smør kvitt i ein kjøkkenmaskin.Tilsett eggeplomma og sirupen og bland det godt.
Rør sammen det tørre, og bland i deigen.
Pakk deigen i plastikk, og sett kjølig i ca. 30 minutt.

Del deigen i 4 emner, og rull dei til lange pølser.
Finn fram to bakepapirkledde steikebrett, der du legger to pølser på kvart brett.

Trykk pølsene litt flate.
Pensle med eggekvite og strø over perlesukker.

Steik midt i ovnen på 180 grader i ca. 10-12 minutt.

La dei avkjøle pittelitt når dei kjem ut frå steikeomnen, men kutt dei opp på skrått mens dei fortsatt er halvvarme.
Bruk ein skarp kniv til dette. La dei avkjøle heilt på brettet før du legg dei i ein kakeboks.

Kjelde: Mammo kom med ei oppskrift, men reknar med det er frå Trines Matblogg ho har henta oppskrifte
http://trinesmatblogg.no/2015/12/08/sjokoladepinner/

Ostekake med Pepperkakebotn, Kvit Sjokoalde og Gløgg-gelè

Tittelen seier seg sjølv – NAM!
Perfekt å lage til eit juleselskap.

 

Du treng:

Pepperkakebotn
250 gram Pepperkaker
125 gram Smør

Ostefromasj
6 plater Gelatin
0,5 dl Vatn
200 gram Kvit sjokolade
400 gram Kremost (eg har brukt Piladephiaost Naturell)
1 dl Melis
1 ts Vaniljeekstrakt
4 dl Kremfløyte

Gløgg-gele
1,5 dl ublanda gløgg
2 dl vatn
4 plater Gelatin


Botnen 
Knus pepperkakene og bland dei med smelta smør. Sett ringen i ei springform direkte på eit kakefat.
Klem kjeksblandingen ned i botnen, og godt ut i kantane, slik at det ikkje blir nokon hol.
Avkjøl i kjøleskapet mens du lagar fromasjen.

Fromasj
Blautlegg gelatinen i kaldt vatn i ca. 5 minutt. Imens smelte du den kvite sjokoladen, enten i vannbad eller i mikroen.
Pisk den smelta sjokoladen med piladelphia-osten, til det blir ei jamn røra. Pisk inn melis og vaniljeekstrakt.
Klem ut vatnet i gelatinplatene, og løys dei opp i ca. 0,5 dl kokande vatn. Rør den blandinga i ostekremen, og rør godt sånn at gelatinene fordeler seg godt.
Pisk kremfløyte i ein anna bolle, og vend kremflløyten inn i ostekremen.

Hell ostekremen over pepperkakebotnen. Sett inn i kjøleskapet og la fromasjen stivne. Minst 4-5 timar, helst over natta.

Gløgg-gele
Til gløgg-geleen blander du ferdigkjøpt gløgg med det angitte blandingsforholdet som står oppgitt på flaska.
(1,5 dl gløgg og 2 dl vatn). Denne balndinga vamer du opp.
Blautlegg gelatinplatene i kaldt vatn i ca.5 min.

 

Knus pepperkakene, smelt smøret og bland dette.
Smør ei springform, men ta ut av botnen av forma. Legg springforma utan botnen, på eit kakefat.
Fordel dei knuste pepperkakene (som er blanda med smør) i springforma på kakefatet.
Klem vatnet ut av gelatinplatene og bland dei ut i gløgg-blandingen.

Vent så til gløgg-blandingen er avkjølt, men fortsatt flytande.
Ha den så oppå kaka. Lat stivne i nokon timar.
(OBS! Viktig at gløgg-blandinga ikkje er for vam, då vil fromasjen smelta og løsna, og det ser ikkje særlig fint ut).

 

Nyt!

 

Besta sine Brune Pinnar

Det er julekake #2 som er eit must å lage.
Eg lagar kun to julekaker til jul, og det er mammo sine deilige småkaker og Besta sine Brune Pinnar.
Dette er småkaker som garantert blir etne!
(Fann dette biletet på internett, ettersom eg gløymte å ta eit «Etter»-bilete)

 

Du treng:

  • 200 gram Smør
  • 200 gram Sukker
  • 1 Eggeplomme
  • 1 ss Lys Sirup
  • 1/2 ts Kanel
  • 1 ts Vaniljesukker
  • 1 ts Natron
  • ca. 6 dl. Kveitemjøl
  • 1 Eggekvite
  • Mandlar
  • Perlesukker

Smør og Sukker rørast kvitt og skummande, tilsett deretter eggeplomma.
Sirupen lunkast og has i. Kveitemjølet siktar du med det øvrige og has i.

Når deigen har kvilt i ein time, ruller du den ut i 6 pølser som du trykker flate.

Smør med eggekvite og dryss grovhakka mandlar og perlesukker på.

Steik på 210-225 grader i ca. 10-12 minutt til dei er gyllenbrune.

Mens kakene er varme tas dei av plata og skjæres på skrå.
(Sjå biletet på toppen)

Mammo sine Deilige Småkaker

Desse er eit «must» å baka til jul. Deilige og gode, som tittelen tilseier.
Småkaker med rosiner, havregryn og kokosmasse.
Men ikkje frykt kokosmassen, det er ikkje så mykje at det blir for mykje.
Ein legger knapt merke til kokosmassen. Sjølv er eg ikkje så glad i småkaker med for mykje kokos i.

(og rosinene kan sikkert droppast, dersom du er kresen.. men anbefalast! )

 

Du treng:

  • 2 koppar smør (ca. 180gram)
  • 4 koppar sukker
  • 4 koppar Kveitemjøl (ca. 400 gram)
  • 2 koppar Kokosmasse (ca. 130 gram)
  • 3 koppar Havregryn (ca. 180 gram)
  • 2 koppar Rosiner (Ca. 200 gram)
  • 4 ts Bakepulver
  • 1/2 ts Natron
  • 2 ts Vaniljesukker
  • 1/2 ts Salt
  • 4 Egg

Med koppar så menast slike små kaffikoppar.

 

Rør Smør og Sukker kvitt.
Tilsett alt det andre.

Sett dei på ei plata med teskjei.
(sjå bilete nedanfor – dei vil/skal flyta litt ut)

Steikast på 200 grader i ca. 10 minutt.

 

Denne oppskriftar gjer ein stor kakeboks.