
Endeleg eit nytt bidrag til helgekosen. Fortsatt i taco-verden, men med ein litt ny vri.
Litt uvant å ete denne kald, kanskje, men den er faktisk veldig god!
Eg anbefaler å prøve den. Me likte den i allefall veldig godt, og me kjem garantert til å lage den fleire gongar.
Det som òg er veldig bra med denne oppskrifta er at den er kald, dvs. at du treng ikkje å steike den i steikeovnen og du kan faktisk lage den i god tid på forhand 🙂
Du treng:
- 750gr – 1000gr Kyllingfilet
- 2 pk Fajita Spacemix
- 2 glas med tacosaus (me brukte ein middels og ein hot, men kunne med fordel brukt to hotte)
- 1 beger med rømme
- 1 pk majones
- 1 beger (200 gr) Piladelphiaost, naturell
- 1 raudlauk
- 3 stk raude paprika
- Mais
- 300 gram revet ost
- Salt, pepper, og gjerne litt sitron (eller sitronsaft
- Kvitløksbaguettar
- Salat
Denne oppskrifta er veldig drøy i oppskrift, så den mettar sikkert minst 4-5 personar.
Slik gjer du
Begynn med å kutt opp kyllingfilet i små bitar, og steik desse.
Bland i Fajita Spacemix, og kanskje pittelitt vatn. La vatnet i såfall trekke inn.
Avkjøl kyllingen.Kyllingen skal vere kald.
Bland rømme, piladelphiaost og majonesen til ein slags ostesaus.
Smak til med litt salt, pepper og gjerne litt sitron (eller sitronsaft).
Kutt opp paprika og rødløk i biter. Og bland paprika, rødløk og mais.
Dette skal leggast lagvis i ei form, i følgjande rekkefølgje:
- Ostesaus
- Tacosaus
- Kylling (må vere kald)
- Grønnsakene (paprika, rødløk og mais som er blanda)
- Revet ost
Servér gjerne med kvitløksbaguettar og ein liten salat om ynskjeleg.
Vel bekomme! 🙂











































