Fiskekake-burger med god rømmedressing

Dette treng du:

  • Hamburgerbrød
  • Grove fiskekaker
  • Crispy-salat
  • Tomater

Dressing

  • 1/2 boks rømme
  • finrevet sitronskall
  • 1 ss søt sennep (bruk gjerne vanleg pølsesennep)
  • 1 fedd kvitløk
  • saft frå ei sitron
  • salt og pepper
  • dill og eventuelt gressløk

Rist hamburgerbrødene i ein brødristar og steik fiskekakene.

Skjær tomater i skiver. Fordel salat og tomater på hamburgerbrødene.

Lag dressingen – bland i litt finrevet sitronskall i rømmen. Ha i sennepen. Kvitløken renser du og presser og har oppi.
Smak til med sitronsaft, salt og pepper.

Eg hadde ikkje dill eller grasløk i min dressing, men synst dressingen smakte veldig godt fordi om.

Legg dressing på toppen av tomatene, og ha deretter fiskekakene oppå.

Bruk gjerne kaffi-filter som papir rundt hamburgeren.

 

Kjelde: https://bollefrua.no/2017/01/11/enkel-og-knallgod-lakseburger-med-himmelsk-rommedressing/

 

Øldampa Pinnekjøtt på mandelpoter

 
 

Du treng:

  • 2 kg urøkt pinnekjøtt
  • Mandelpoteter
  • 2 boksar med mørkt øl (gjerne juleøl)

Slik gjer du:

Du vatnar ut pinnekjøttet sånn som vanleg.

Legg mandelpotene i botnen slik at heile botnen er tetta (potetene må ha skallet på, så ikkje skrell dei).
Så fyller du øl nesten opp til toppen av potetene, og så legger du pinnekjøttet oppå potetene.

Kok opp ølet, og redusér så temperaturen slik at pinnekjøttet blir dampa. Det skal ikkje koke.
Lat pinnekjøttet dampa på ølet under lokk i ca. 4-5 timar.

Servér med kålerabistappe, og dersom ynskjeleg, vanleg kokte poteter. Nokon foretrekker å ete dei ølkokte potetene saman med vanlege poteter.

Men eg et stort sett kun kålerabistappa til pinnakjøttet, og heller lite med poteter. Men desse øldampa mandelpotetene satt eg og åt mandelpotene som snacks, fordi dei var så gode.

(far min prøvde å lage dette med røykt pinnekjøtt og han blei ikkje umiddelbart overbevist. Han meinte at potetene blei seige – så kanskje ei må bruke urøykt pinnekjøtt for at dette skal vere vellukka?).

Det som i alle fall er sagt er at potetene tar til seg saltet og feita frå pinnekjøttet, og at det er derfor dei potetene blir så himmelsk gode.

 

Mette’s Rot-i-hop-gryta

Du treng:

  • 6 ss smør
  • 6 ss kveitemjøl
  • 5 dl vatn
  • 1 stk buljongterning
  • 1 vossakorv
  • 2 gulerøtter
  • 1 stk raud paprika (eventuelt litt raud, litt gul og litt grøn paprika)
  • 1 boks med bønner
  • salt og pepper
  • ris

Slik gjer du:

Skrell gulerøttene og kutt dei opp i små terningar. Sett dei på kok saman med vossakorven.

Smelt smøret i ein kjele og ha oppi mjølet mens du rører heile tida.
La mjølblandinga putre eitt minutt eller to før du har oppi litt av krafta frå gulerøttene og vossakorven. Du sper med denne krafta til du føler gryta er passe tjukk. Husk at den skal være litt tjukk, men samtidig så vil det tjukna litt etter kvart. Rør godt mens du sper mjølblandinga med denne krafta.

Når basen no er ferdig så kan du ha oppi det du ynskjer. Eg kutta opp vossakorven i biter (så godt det lot seg gjere) og hadde oppi, saman med gulerøttene, paprika og 1 boks med bønner (husk å sil ut av sausen i bønneboksen fyrst). Eg hadde i tillegg ein pakke med steikt kjøttdeig oppi, men det såg eg at egentlig ikkje var nødvendig når ein hadde vossakorven oppi.

Smak til med salt og pepper.

Servér med ris.

 

Mjuke NonStop-Cookies

Du treng:

  • 1 pose med Nonstop
  • 130 gram sukker
  • 90 gram brunt sukker
  • 1 egg
  • 185 gram mjukt margarin
  • 260 gram kveitemjøl
  • 1 ts salt
  • 1/2 ts natron

Slik gjer du:

Kutt opp smøret i terningar, og lat det stå på kjøkkenbenken for å bli romtemperert.

Bland saman sukker, brunt sukker og egg. Ha deretter i smøret, kveitemjøl, salt og natron. Bland dette godt.
Til slutt har du oppi ein heil pose med Nonstop.

Kle eit steikebrett med bakepapir og fordel kaker utover brettet. Kakene vil flyte utover, ha dermed stor avstand mellom kakene.

Steik kakene på 180 grader i ca. 10 minutt. Lat det avkjøla heilt.
Dersom ein prøver å flytte på dei mens dei er nysteikte så er det stor sjanse for at dei knekker.

Risbollar

(manglar dessverre bilete)

Du treng:

  • 1 pk Delfiafett
  • 1,5 stor plate med mjølkesjokolade
  • 1 pk melis
  • 3 egg
  • 3 ts vaniljesukker
  • 3 ss kald kaffi (gjerne litt sterk)
  • Puffa ris
  • Muffinsformer

Slik gjer du:

Smelt sjokoladen i eit vannbad.

Lag eggedosis av melis og egg. Ha i vaniljesukker og kaffi. Til slutt har du oppi puffaris (her synst eg det var vanskelig å vite kor mykje puffa ris ein skulle ha oppi, så eg følte meg berre fram. Men det er greitt å ikkje ha for mykje puffaris, samtidig som ein bør jo ha litt.)

Fordel massen i muffinsformer, og lat dei stå nokre timar for å stivne.
 

 

Ekta kakemenn/Vossamenn

Du treng:

  • 1/2 kilo sukker
  • 3,5 ts hornsalt
  • 4 dl mjølk
  • 1 kg kveitemjøl
  • 1/2 ts kardemomme/kanel
  • 2 ss smelta smør

Slik gjer du:

Bland sukker, hornsalt og mjølk. Og lat det stå ei lita stund.

Bland kardemomme i mjølet, og ha mjølet og det smelta smøret oppi resten av blandinga, slik at det blir ein jamn deig.

Kjevlast ut ca. 1/2 cm tjukk, ikkje tynnare.

Steik på 200 grader i 8-10 minutt.

Julas ostekake

Du treng:

Botnen

  • 200 gram pepperkaker (eg brukte Berthas Bertil-pepperkaker, og ikkje dei billige, sukkerkakene)
  • 150 gram meierismør

Ostekakefyll

  • 600 gram piladelphiaost
  • 1 ss vaniljeekstrakt
  • 1 vaniljestang
  • 150 gram sukker
  • 3 egg
  • 300 gram ferdiglaga risgraut (eg kjøpte Fjordland sin)

Jordbærkompott

  • 400 gram frosne jordbær
  • 2 ss sukker
  • 0,5 dl vatn
  • 1 ss Maisenna

Slik gjer du:

Pepperkakebotn
Knus pepperkakene og smelt smøret. Bland pepperkakesmulene med det smelta smøret.
Ha bakepapir i botnen på ei lita rund form og klem pepperkake- og smørblandinga ut over botnen.
Sett forma på ei steikepalte og steik pepperkakebotnen midt i ovnen på 180 grader i ca. 5 minutt.
Ta formen ut av ovnen og lat den avkjøle seg. Men lat ovnene fortsatt stå på 180 grader.

Ostefyll

Pisk kremosten saman med vaniljeekstrakt, frø frå vaniljestanga, sukker og eggene. Ha riskremen i ein bolle og tilsett litt av ostekremen.
Rør i blandinga og tilsett resten og rør meir.
Ha blandinga over på pepperkakebotnen i formen.
Sett kaka inn i ovnene som fortsatt er på 180 grader Bruk fortsatt steikeplate. Steikast midt i ovnen.
Med ein gong kaka er satt inn i ovnen så reduserer du temperaturen til 120 grader. Steik kaka i 2,5 time.
Ta kaka ut av ovnen og lat den avkjøle seg litt. Sett den så i kjøleskapet, og der kan den gjerne stå i nokon timar.

Jordbærkompott

Ha frosne jordbær i ein kjele og varm opp forsiktig. Tilsett sukkeret og varm opp til sukkeret har smelta heilt og jordbærene har nådd kokepunktet.
Rør ut maisenna i kald vatn, og hell litt og litt i jordbærene mens du rører. Jordbærene vil då tjukna litt etter litt.
Når kompotten har fått passe tjukkelse  tar du kjelen av plata.
Lat jordbærkompotten avkjøle før du fordeler den på kaka som fortsatt er i formen.

Sett kaka tilbake i kjøleskapet i 5-6 timar (og gjerne over natta), sånn at jordbærkompotten tjukne endå meir.

Løsne deretter kakaeringen frå kaka og flytt kaka forsiktig over på eit kakefat.

 

Vel bekomme, og god jul!

 

Crispo-Konfekt

Du treng:

  • 3 stk lys kokesjokolade á 100 gram
  • Corn-Flakes
  • Konfektformer eller Stearinlys-holdere

Slik gjer du:

Smelt sjokoladen i eit varmbad (sjokoladen må smeltast i ei glass- eller stålbolle).
Ha oppi Corn-flakes til du føler det er passelig fordeling mellom sjokolade og Corn-Flakes.
Fordél sjokolademassen i konfektformer. Lat dei stå i ro i nokre timar til dei har stivna (kan stå på kjøkkenbenken, treng ikkje stå i kjøleskapet).

Eplepai med vaniljekrem og heimelaga eplemos

Du treng:

  • Mykje eple
    (vanskelig å sei mengde, då eg berre brukte det eg hadde, men ein del kilo blei det. Og sorten eg hadde var Ingrid-Marie, men her kan ein nok bruka det ein har).
  • 4-5 dl Mozell eller eplejuice
  • 250 gram kveitemjøl
  • 250 gram meierismør
  • 90 gram melis
  • 1/2 boks med vaniljekrem

Her kan ein doble oppskrifta og lage to paier, dersom ein ynskjer å bruke opp heile vaniljekremen med ein gong. Paien egner seg godt til frysing, kanskje den til og med er betre etter at den har vore fryst.

Slik gjer du:

Ta ut smøret frå kjøleskapet, slik at det blir romtemperert.

Begynn med å skrelle eplene og kutte dei opp i bitar. Fyll opp ein stor kjele, og tilsett mozell/eplejuice. Lat dette koke, slik at eplene blir mørne. Bruk gjerne ei stappa til å mose eplene med.

Bland kveitemjøl, smøret og melisen og kna dette saman til ein deig. Kle ei rund springform eller smør ei springform/paiform, og fordel 2/3 av deigen i botnen og opp og rundt kantane. Rør i vaniljekremen slik at den blir smidig. Smør vaniljekremen i botnen av forma. Ein treng ikkje vere redd for å bruke vaniljekremen. Fyll resten av forma med eplemos.

Den  siste 1/3 av deigen bruker du til å trille 6 pølser som du skal ha oppå paien. 3 i kvar retning.

Steik på 160 grader i 50-60 minutt. Servèr gjerne med vaniljeis.

Både eplemosten og paien kan frysast. Eit tips er å ha eplemosten i brødposar og legge denne flatt, då tinar dei ganske fort.
Eplemosten egner seg godt som syltetøy òg.

Karamell-Brownies

Du treng:

  • Toro Brownies-mix
  • 1 egg (skal brukast i Brownies-mixen)
  •  
  • 300 gram sukker
  • 3 ss vatn
  • 3 dl kremfløyte
  • 125 gram smør

Slik gjer du:

Browniesen lager du som anvist på pakken.

Karamellen må lagast dagen i forvegen, for at den skal kunne tjuknast.

Kutt opp smøret i terningar.

Bland vatn og sukker i ein kjele (som gjerne har så tjukk botn som mogeleg).
La blandinga koke utan at du rører i den. Sukkeret vil smelta og bli lysebrunt.
Dette tar litt tid, men du må berre vere tolmodig, og ikkje røra i kjelen.
Når sukkeret er blitt passelig brunt, så har du oppi smøret, og fyrst då kan du begynne å røra i blandinga.
Ta kjelen av plata.

Kok opp kremfløyten i ein anna kjele, og hahttps://www.detsoteliv.no/oppskrift/brownies-med-salt-karamell deretter den varme kremfløyten over i den andre kjelen litt eller litt.
Ver forsiktig, for dette kan bli varmt, og hell kremfløyten forsiktig og litt etter litt. Ikkje alt på ein gong. Rør innimellom.

Lat alt dette koke litt til det tjuknar, i ca .5-7 minutter.

Ta kjelen av plata og lat den avkjøle seg litt. Når kjelen er avkjølt, så kan du sette den i kjøleskapet til dagen etterpå.

Dagen etterpå kan du ha karamellen oppå Browniesen. Kjempe godt,

 

 

Eg hadde litt karamellrestar, og med desse restane så kjøpte eg Toro sin Kveitebolle-mix, og laga bollar. Og så eksperimenterte eg med å fylla nokon bollar med diverse syltetøy og nokon med blant anna denne karamellen. Dei bollane med karamell blei kjempe gode. Eg hadde òg sjokoladebitar og karamell i nokon av bollane, og desse blei kjempe gode.

 

Kjelde: https://www.detsoteliv.no/oppskrift/brownies-med-salt-karamell