Fiskekake-burger med god rømmedressing

Dette treng du:

  • Hamburgerbrød
  • Grove fiskekaker
  • Crispy-salat
  • Tomater

Dressing

  • 1/2 boks rømme
  • finrevet sitronskall
  • 1 ss søt sennep (bruk gjerne vanleg pølsesennep)
  • 1 fedd kvitløk
  • saft frå ei sitron
  • salt og pepper
  • dill og eventuelt gressløk

Rist hamburgerbrødene i ein brødristar og steik fiskekakene.

Skjær tomater i skiver. Fordel salat og tomater på hamburgerbrødene.

Lag dressingen – bland i litt finrevet sitronskall i rømmen. Ha i sennepen. Kvitløken renser du og presser og har oppi.
Smak til med sitronsaft, salt og pepper.

Eg hadde ikkje dill eller grasløk i min dressing, men synst dressingen smakte veldig godt fordi om.

Legg dressing på toppen av tomatene, og ha deretter fiskekakene oppå.

Bruk gjerne kaffi-filter som papir rundt hamburgeren.

 

Kjelde: https://bollefrua.no/2017/01/11/enkel-og-knallgod-lakseburger-med-himmelsk-rommedressing/

 

Øldampa Pinnekjøtt på mandelpoter

 
 

Du treng:

  • 2 kg urøkt pinnekjøtt
  • Mandelpoteter
  • 2 boksar med mørkt øl (gjerne juleøl)

Slik gjer du:

Du vatnar ut pinnekjøttet sånn som vanleg.

Legg mandelpotene i botnen slik at heile botnen er tetta (potetene må ha skallet på, så ikkje skrell dei).
Så fyller du øl nesten opp til toppen av potetene, og så legger du pinnekjøttet oppå potetene.

Kok opp ølet, og redusér så temperaturen slik at pinnekjøttet blir dampa. Det skal ikkje koke.
Lat pinnekjøttet dampa på ølet under lokk i ca. 4-5 timar.

Servér med kålerabistappe, og dersom ynskjeleg, vanleg kokte poteter. Nokon foretrekker å ete dei ølkokte potetene saman med vanlege poteter.

Men eg et stort sett kun kålerabistappa til pinnakjøttet, og heller lite med poteter. Men desse øldampa mandelpotetene satt eg og åt mandelpotene som snacks, fordi dei var så gode.

(far min prøvde å lage dette med røykt pinnekjøtt og han blei ikkje umiddelbart overbevist. Han meinte at potetene blei seige – så kanskje ei må bruke urøykt pinnekjøtt for at dette skal vere vellukka?).

Det som i alle fall er sagt er at potetene tar til seg saltet og feita frå pinnekjøttet, og at det er derfor dei potetene blir så himmelsk gode.

 

Mette’s Rot-i-hop-gryta

Du treng:

  • 6 ss smør
  • 6 ss kveitemjøl
  • 5 dl vatn
  • 1 stk buljongterning
  • 1 vossakorv
  • 2 gulerøtter
  • 1 stk raud paprika (eventuelt litt raud, litt gul og litt grøn paprika)
  • 1 boks med bønner
  • salt og pepper
  • ris

Slik gjer du:

Skrell gulerøttene og kutt dei opp i små terningar. Sett dei på kok saman med vossakorven.

Smelt smøret i ein kjele og ha oppi mjølet mens du rører heile tida.
La mjølblandinga putre eitt minutt eller to før du har oppi litt av krafta frå gulerøttene og vossakorven. Du sper med denne krafta til du føler gryta er passe tjukk. Husk at den skal være litt tjukk, men samtidig så vil det tjukna litt etter kvart. Rør godt mens du sper mjølblandinga med denne krafta.

Når basen no er ferdig så kan du ha oppi det du ynskjer. Eg kutta opp vossakorven i biter (så godt det lot seg gjere) og hadde oppi, saman med gulerøttene, paprika og 1 boks med bønner (husk å sil ut av sausen i bønneboksen fyrst). Eg hadde i tillegg ein pakke med steikt kjøttdeig oppi, men det såg eg at egentlig ikkje var nødvendig når ein hadde vossakorven oppi.

Smak til med salt og pepper.

Servér med ris.

 

Laks og grønnsaker i folie

 

Du treng:

  • Laksefilet
  • Brokkoliblanding
  • Mini-mais
  • Rømme
  • Ris
  • Aluminiumsfolie

 

Laksefileten må vere tint.

Du legger grønnsakene på ein stor aluminiumsbit.

Kutt opp mini-maisen i litt mindre biter (eg deler ofte ein minimais i 3 biter).

Legg laksen på toppen. Du lukker aluminumsfolien over, men ikkje lukk den for tett, ha gjerne ei lite glipa.

Steik på 225 grader i ca. 25-30 minutt, og så sjekker du tilstanden på fisken. Den er sikkert ikkje ferdig steikt, så då kan du berre la aluminiumsfolien vere open, og steik den vidare i 10-15 minutt. Sjekk om laksen er ferdig.

Server med ris og rømme. Rømme er kjempe godt til, og anbefalast virkelig!

Hjortesteik med potetstappa og rotgrønsaker

Ei vakker helg i november inviterte med ned svoger og svigerinna med familie på sundagsmiddag.
Endeleg eit godt høve til å eta opp den hjortesteika som svigermor kom med i fjor.
Og middagen blei meir enn vellukka!
Menyen bestod av: Hjortesteik, potetstappa med bacon i, steikte rotgrønsaker, smørsteikt kantarell og brun saus.
Til middag var me 4 vaksne og 3 barn. Restane som var igjen var nok til ein liten middag for 2 vaksne.

Me hadde ca. 2.7 kg hjortesteik, men noko av det var sjølvsagt bein.
Så kanskje 2 kg med reint kjøt?

 

Hjortesteik

  • ca. 2 kg hjortesteik
  • Salt & Pepper
  • Nøytral olje
  • Smør
  • Timian

Grønsaker

  • Rotgrønsaker (Eg hadde kålerabi, gulerøtter, jordskokk og redikk)
  • Olivenolje
  • Sitron eller sitronsaft
  • Salt & pepper

Smørsteikt Kantarell

  • Kantarell
  • Smør
  • Salt & Pepper

Potetstappa

  • Poteter (1,5 kg? – Eg brukte Kerrs Pink, som eg ganske mjølne)
  • Bacon, i små biter
  • Nokon ss med smør
  • Salt & Pepper
  • Evt. litt mjølk eller fløyte

Brun saus

  • 3 buljonterningar
  • 1,5 liter vatn
  • 6 ss smør
  • 6 ss mjøl
  • Litt fløyte (eg brukte kremfløyte)

 

Det var litt vanskeleg å finne ut kva rekkefølge som var den beste. Men eg anbefalar deg å lese gjennom heile oppskrifta fyrst og tenke igjennom kva som passar best for deg. Vil kanskje anbefale å kutte opp grønsakene fyrst, og gjere det klart. Og deretter skrelle poteter og sette dei på kok. Når den type forarbeid er ferdig, så kan ein begynne å tenke på Hjortesteiken, potetstappa, bacon, kantarell og sausen.

Hjortesteiken

La hjortesteiken ligge i romtemperatur i ca. 30 – 60 minutt før du begynner å tilberede det.

Sett steikeovnen på 125 grader.
Gni kjøttet inn i salt og pepper. Brun hjortesteiken på alle  i ei steikepanna, enten med olje eller smør i.
Ha deretter litt meir smør (ikkje olja) i panna. Drøss timian og smelta smør over steika.
Legg steika i ei eldfast form eller i ei langpanna kledd i aluminiumsfolie.
Putt i steiketermomteret ca midt i den kjøttfulle delen.

Steik på ca. 125 grader.
Oppskrifta eg fann sa at ein skulle beregna ca. 1 time på 1 kg. Me valgte å dele vår steik i to fordi den var så stor (og ikkje avlang).
Me var redd for at den ikkje skulle bli skikkelig steikt heilt inn mot midten. Men me hadde sett for oss at den skulle stå i ovnen i allefall 1 time, men steiketermomteret begynte å pipe etter 30 minutt. Så me måtte ta den ut og skjære litt i den for å sjekke om den faktisk var ferdig allereie, og det var den, faktisk! Så det er ikkje alltid godt å vite kor lenge den skal vere i.

Men når steiketermomteret viser 65 grader, så skal den vere medium pluss.
Ein plass fann eg at 60-65 grader var medium steikt
65-67 grader var medium pluss, og 70 grader var gjennomsteikt.
Eg er alltid redd for at steika blir for tørr. Me tok den ut på 67 grader, og det var heilt perfekt.

Rotgrønsaker
Kutt opp rotgrønnsaker.
Me kutta opp gulerot og kålerabi i lange strilmer.Og redikk i skjever.
Jordskokken kutta me opp i skjever, og steikte på steikepanna med salt og pepper (me skrelte ikkje jordskokken. Skallet var på)
Alle grønnsakene la me i ei eldfast form, hadde litt olivenolje, sitronsaft og salt og pepper over.
Eldfast forma la me inn i steikeovnen saman med hjortesteika.
Eller me la det inn når steika var ferdig, fordi me bomma litt på tida, som du las ovenfor. Men grønsakene var i steikeovnen på 125 grader i sikkert 30 minutt, om ikkje lengre.

Potetstappa
Me skrelte ein god del poteter og satte dei på kok (me bruke Kerrs Pink, som er litt mjølne).
Litt usikker på kor mange eg kokte. Kanskje 1,5 kg? Men dette var kanskje litt mykje. Hadde ein del restar, men så tenkte me at det alltid går mykje potetstappa (både vaksne og ungar elsker potetstappa).

I mens potetene kokte, så kutta me bacon opp i terningar, og steikte desse på panna.
Når potetene var ferdig så moste me potetene i kaserollen, og tilsatte ein del ss med steikesmør, salt og pepper.
Og så hadde me litt fløyte (ev. mjølk) for å få den litt mjukare.

Smørsteikt kantarell

Me steikte litt kantarell i smør, og hadde salt & pepper over.
Dette var veldig godt inntil.

Brun saus

Ein klassisk brun saus. Kok opp 1,5 liter vatn med 3 buljongterningar i, slik at buljongane løyser seg opp.
(5 dl vatn pr buljongterning, slik det står på pakken).
Deretter smelter me 6 ss smør i ein anna kaserolle, og tilsetter 6 ss mjøl.
(på 0,5 dl saus og buljongvatn, bruker eg 2 ss smør og 2 ss mjøl)
Dette bruner eg på middels høg varme til jamninga blir brun (dette er ein tolmodighetsprøve. Så ha god tid. Og rør HEILE TIDA, det er lett for at det svir seg, og då blir ikkje sausen god!). 

Når jamninga begynner å bli brun, så må eg få hjelp av mannen.
På med kjøkkenvifta for fullt, opp med kjøkkenglaset og igjen med stovedøra.
Han rører som ein gal med spiralvisp, og eg har i buljongvatnet litt og litt.
Her snakkar me høg varme, og teamarbeid! Me får det til, som regel kvar gong. 
Det er i slike stunder det føles godt å ha funne sin lojale sausepartnar 😉

Sausen smaker du til med salt og pepper. Veldig ofte føler eg at ein ikkje trenger så mykje salt og pepper, om ein treng det i det heile tatt. Buljonvatnet er ganske salt i seg sjølv. Men som sagt, smak deg til. Her hadde eg faktisk litt meir fløyte oppi.

Utfordringa med denne middagen var å planlegge slik at alt blei ferdig omtrent samtidig.
Sidan steika blei ferdig tidlegare enn antatt, så krasja dette litt. Men det gjekk greitt.
Så lenge alt er tålig lunka, og sausen er rykande varm, så går det som regel greitt.
 

Får eg tildelt hjortesteik fleire gongar, så har eg oppskrifta for ein komplett og vellukka middag her! 🙂
 

Steikt ris med kylling

 

Steikt ris med kylling er heilt himmelsk, og er perferkt å lage om du har ris-restar.
Når eg bestiller mat frå Thai-vogna, så er det som oftast steikt ris eg har pleier å kjøpe.
Og no fann me dei riktige sausane på ein Thai-butikk, og då smakt det heilt likt!

Du treng:

  • 2-3 kyllingfileter
  • Basmati-Ris (viktig at du bruker Basmatiris)
  • Amerikansk blanding (grønnsaksblanding)
  • 2 egg (kan gå med 1 egg òg)
  • ca. 2 ss Mushroom-Soya
  • ca. 2 ss OusterSoya
  • ca. 2 ss. Noko som smakte som Nudlepulver (sjå bilete av desse tre produkta heilt nederst)

Dersom du ikkje har restar av ris frå før, så byrjer du med å koke opp ris.
Steikepanna mi klarer maks 4 porsjoner med ris om gongen (om ikkje mindre).

Kutt opp kyllingfilet i biter, og steik dei.
Sett amerikansk blanding på trekking, med pittelitt salt oppi. Berre nokon få minutt til dei blir ferdige.

Når risen er ferdig så skyller du risen i kaldt vatn, slik at den nett blir litt avkjølt.
Så har du ein god dæsj med olja i steikepanna (steikepanna må vere i teflon).
Eg har brukt olivenolje, fordi det er det eg har hatt liggande. Men har høyrt at Sesamolje er veldig godt (då får du visstnok ein litt meir nøttesmak).

Du steiker risen til den blir litt gyllen og fast. Ca. 10 minutter.

Så lager du ei grop i midten av panna (skyver risen til sides), og har oppi 2 egg i midten.
La egget stivne littegranne, før du rører egget inn i risen mens det stivner heilt. Då får du eggerøra innimellom risen.

Ha oppi grønnsakene og kyllingen, og bland dette saman.

Smak til med MushroomSoya, OusterSoya og Nudlepulver.
Her trenger du berre nokon par ss av kvar sort. Smak til, og ver forsiktig!

 

Slik ser soyasausane og krydderet ut:
Oustersoya, MushroomSoya og noko som smakte Nudlepulver
 

Kyllingburger med bacon


Kyllingburger var overraskande lett og godt.
Sikkert ikkje så usunt heller 😉
Blir iallefall ikkje siste gong me lagar denne i denne heimen.

 

Du treng:

Kyllingburger
(du får 4 burgere av 400 gram kyllingkjøttdeig)

  • 400 gram Kyllingkjøttdeig
  • 1 egg
  • Salt & Pepper
  • 2-3 sneier med bacon
  • Chili-flak (du finn det i krydderhylla)
  • Evt. litt potetmjølv visst deigen blir all for klissete
    (men deigen skal vere litt klissete)

Dressing

  • 4 ss majones
  • 3 ss Sweet & Sour-saus
  • Chili-flak

Tilbehør

  • Grove hamburgerbrød
  • T.d. Salat, mais, rødløk og evt. ost

Kutt baconet opp i små biter, bland det saman med kyllingkjøttdeigen, egget, salt og pepper, chili-flak.
Smelt litt smør i steikepanna, og prøv å form ein burgerlignande runding på steikepanna.
(når eg laga deigen, så var den veldig blaut, så eg forma den litt med fingrane etter at eg la den på steikepanna).

Visst du ynskjer cheeseburger, så kan du legge ein oste-slice på toppen av burgeren etter at den eine sida er ferdig steikt og du har snudd burgeren, slik at den andre sida blir steikt.

Dressingen er kjempe lett og laga, og smaker nett som Thousand Island.
(mannen i huset er veldig glad i Sweet &Sour-saus, så denne dressingen passa han ypperlig).
Du blander berre 4 ss majones, med 3 ss Sweet&Sour-saus, og har evt. litt chili-flak oppi. Smak deg til.

Varm hamburgerbrødene i mikroen, brødristar e.l., og ha på salat, mais, rødløk og dressing, og til slutt burgeren på toppen.
 

Vel bekomme!

 

Kjelde: Trines Matblogg
http://trinesmatblogg.no/2010/09/17/kyllingburger-med-bacon-grovt-tomatbrod-og-chilimajones/

Pannekake-kaka

  • Kvifor bruke tid på å steike ei og ei pannekaka, når du berre kan hiva heile røro i steikeovnen og få ei stor pannekaka?
    Og så anbefale eg virkelig å laga blåbærsylta sjølv. Gjort på 30 sekund!

Du treng:

Pannekakerøra

  • 25 gram smør
  • 200 gram kveitemjøl
  • 75 gram kveitemjøl (eventuelt havregryn eller anna mjøl, visst du har)
  • 1/2 ts salt
  • 1 ts vaniljesukker
  • 7 1/2 dl mjølk
  • 3 egg
  • 1 pakke med bacon

Blåbærsylta

  • 1 pakke med frosne blåbær frå frysedisken (med mindre du har sjølvplukka)
  • Littegranne sukker

Dersom du bruker heile røra, vil pannekake-kako bli ca. 1 cm tjukk.For dei som absolutt føretrekker litt tynnare pannekaker, kan dele røra på to, og enten steike i to omganger, eller spare resten til ein annan anledning. Funker sikkert bra å fryse røra òg.

Ha smøret i ein liten kasserolle og smelt det på svak varme. Sett kasserollen til side.
Ha begge mjøltypane i ein bolle, saman med vaniljesukker, salt og mjølka.
Visp ut alle mjølklumpane. Ha i smøret, og rør det inn. Ha deretter eggene oppi, og rør dei òg inn.

La røra stå og svelle i ca. 30 minutt.

I mens kan du kutte opp bacon i terningar og steike dei.
Når røra har svella lenge nok, så har du ho i ei langpanna kledd med bakepapir.
(husk all røra visst du synst det funker med littegranne tjukk pannekaka, ca. 1 cm, eller del røra på 2 visst du vil ha den veldig tynn)

Strø baconet over røro, eller server baconet ved sida av.

Steik på 225 grader i 20-25 minutt dersom du bruker heile røra, og
225 grader i ca. 10-15 minutt dersom du bruker halve røra.
– Her må du berre følga med.

Blåbærsylta

Blåbærsylta lager du så enkelt at du blander i littegranne sukker.

Bruk ein «stappar» til å nett mose litt av blåbærene (ikkje mykje, berre litt. Det er veldig godt når blåbærsylta består av heile bær)
Smak deg fram med sukkeret. Blåbærsylta er godt når den er litt syrlig.

Del pannekake-kako opp i ruter, og server med nylaga, heimalaga blåbærsylta.
Nokon serverer pannekaker med kokte poteter og smelta smør i tillegg for å få litt meir «mat». Det er smak og behag.
Her i huset går det som regel i kun pannekaker og blåbærsylta 🙂

Burrito a la Gryterett


 

«Burrito er en meksikansk matrett. Den består av tortilla brettet eller rullet rundt et fyll.»

Dette er ein enkel og god rett.
Her har me rett og slett berre brukt ein vanleg gryterett, og rulla det inn i ei tortillalefsa.
Det er mange ulike gryterettar og velge mellom, så det er berre til å velge den gryteretten du likar best.
Det einaste som er viktig å huske på, er å redusere mengden med vatn, slik at gryteretten ikkje blir så rennande.
Nokon gryterettar halverer eg nesten vannmengden, mens nokon gryterettar trengs berre å reduserast litt.
Dette kjem an på kva gryterett du velge, då nokon er litt meir rennande enn andre.