Iskaffi

Så godt!! Så enkelt!

I denne sommarvarmen, så fristar kanskje ikkje den obligatoriske morgonkaffien? Då kan dette vere eit godt alternativ til frukosten.
Her får du jo tross alt mjølk og kaffi 😉

Og dropper du sukkeret, så er denne iskaffien jammen meg ikkje så all for usunn, heller 😉

 

Du treng:

  • Kaffi (litt sterk)
  • Isbet-posar
  • Mjølk
  • Sukker (dersom ynskjeleg)

Alt du treng å gjera er å laga kaffi, gjerne litt sterkare enn vanleg, eller du kan bruka dei kalde kaffirestane dine.
Ha kaffien din over i isbet-posar, og legg dei i frysaren.

Dagen etter, eller når dei er frosne, så lager du deg eit glas mjølk, og har oppi ønska mengde kaffibitar.
Eg, personlig, er ikkje så glad i sterk kaffi, så for min del så holdt det med 3-4 kaffibitar til eit glas mjølk.
Men dette er opp til kvar enkelt. Prøv deg fram.
Og så kan du ha sukker oppi, visst du ynskjer det. Eg hadde ikkje noko behov for det, og klarte meg fint utan.

La gjerne kaffi-isbetane få ligga i mjølke i 30-60 sekund, nett sånn at kaffi-smaken får satt seg litt i mjølka.

Velbekomme, her i varmen!

Inspirasjon henta ifrå fleire kjelder:
KK – http://www.kk.no/livsstil/slik-lager-du-den-perfekte-iskaffen-24700
Linda Stuhaug – http://lindastuhaug.blogg.no/1404678278_iskaffi.html
Det søte liv – http://www.detsoteliv.no/oppskrift/iskaffe-med-kaffeisbiter

Varm Mjølk m/ Chai Te


Denne drikken er veldig god.
Den roer ned magen, og så er den veldig fin å drikke på kveldstid, då du kan vetta litt avslappa og trøtt av den.
Anbefalast å prøva!

 

Du treng:

  • ca. 1 glas mjølk
  • litt vatn
  • 1 pose Chai Green Tea
  • Sukettar etter ynskje

Fyll glaset med ca. 1/5 vatn, gjerne varmt vatn.
Ha te-posen og antall ynskja sukettar oppi.
Fyll resten av glaset med mjølk.

Sett glaset/koppen i mikrobølgovnen i ca. 2 minutter.