
Mjølkekaker, fantastisk god tradisjonsmat.
Noko av det besta eg veit. Og så enkelt å laga.
Dette er besta si oppskrift, og den er berre heilt fantastisk 🙂
Du treng:
- 4 ss sukker
- 4 egg
- 1 liter mjølk
- ca. 8-9 dl mjøl
- 1 ts. kardemomme
Denne oppskrifta gjer ca. 30-35 kaker.
Det er fullt mogeleg og halvere oppskrifta, f.eks. dersom du skulle få kaffibesøk på kort varsel.
Du byrjar med å piske sukker og egg, til ein fin liten eggedosis.
Tilsett mjølk, og bland.
Deretter prøver du deg fram med mjøl. Husk å få røra klumpefri.
Tilsett 1 ts. kardemomme.
(røra skal vera rennande, men ikkje som vatn)
La røra svelle i ca. 15 minutter.
Mens røra sveller, så setter du på steiketakka, slik at det blir skikkelig oppvarma.
Sett den gjerne på full varme, og juster heller ned til halvvarme når du skal steika.
(Her òg må du prøva deg fram).
Når det er tid for å steika, så tar du ei ausa og heller oppå litt på takko.
Bruk auso til å jevna den ut.

Legg mjølkekakene delvis oppå kvarandre, som takheller, for at dei skal halde seg mjuke.
Det er lov å tjuvsmake litt når ein står og steikjer.
(dei nysteikte smaker nemleg aller best!)
Veldig fin kaffimat, smør litt smør på kako, brett kako i to, og del den i to.
Brett dei to halvpartane ytterlegare ein gong.
Servèr med godt syltetøy.
Eller slik som me vaks opp med, når me var små.
Smør og sukker på 🙂
Men for all del husk å smør på «Retto»!!!
Dvs. den mørkaste sido. Den mjukaste sido skal vera ytterst.
Sånn at når du tygg, så skal tenna dine treffa den mjuka sido.
Holder seg på kjøkkendisken i 2-3 dagar.
Kan til nød frysast, men dei er best nysteikte 😀