Grove Yoghurtmuffins med jordbær og/eller blåbær


 

Du treng:

  • 4 dl sammalt hvete
  • 1 dl kveitemjøl
  • 2 ts vaniljesukker
  • 1 ts bakepulver
  • 0,5 ts natron
  • 2 ss melange
  • 0,5 dl honning
  • 2 stk egg
  • 1,5 dl naturell yoghurt
  • 1,5 dl mjølk
  • Jordbær og/eller blåbær
  • Muffinsformer

Eg laga dobbel oppskrift, og hadde èi korg med jordbær. Det var eigentleg ikkje heilt nok. Derfor hadde eg blåbær i nokon av muffinsane.
Eg kjøpte òg ein heilt ny pakke med mellomstore muffinsfomer (usikker på antall former), men ved dobbel oppskrift så gjekk absolutt alle formene.

 

Slik gjer du:

Sett ovnen på 180 grader.

Bland alt det tørre i ein bolle.

Smelt steikesmør og honning i ein kjele til det blir flytande. Ta kjelen av steikeplata og bland i det andre våte.

Bland det våte i det tørre, og visp til det er ei jamn røra.

Rensk jordbær og kutt dei opp i biter, og ha dei oppi røra. Eventuelt blåbær dersom det er å foretrekke. Begge deler går òg fint.

Fordel røra i muffinsformene, og steik på midterste rilla i ca. 20 – 25 minutt.

 

Tips:
Eg har alltid misunt dei som klare å få fine, runde muffinsar. Til jul i fjor fekk eg eit muffinsbrett, som eg no endeleg fekk testa ut.
Og det kan absolutt anbefalast! Du trur kanskje du ikkje trenger det, men muffinsane blei 10 gonger finare 🙂

 

 

Kjelde: https://www.mills.no/oppskrift/soft-flora/jordbaermuffins/

Men her har eg vore litt mistru mot oppskrifta og brukt melange i staden for Soft Flora.
Beklager Mills!

 

 

 

Pizzaskjever

Så godt, så enkelt!
På bilete så ser dei kanskje ikkje sånn super delikat ut, men det smake deilig. Det lover eg deg!
Terrina sin ferdige pizzafyll er så enkel, men óg så god. Skjevene smaker kjempe godt og brødskjevene blir litt «rista».
Passer fint å bruke brødskjever som holder på å bli litt tørre. Kan frysast.

Desse pizzaskjevene laga me forøvrig på barneskulen.
Då hadde nokon av elevane kantinedrift 2 gongar i veka for dei andre elevane, der desse skjevene blei laga og solgt for 5 kr stk.

 

Du treng:

  • Terrina Ferdig pizzafyll (sjå bilete nederst)
  • Kvitost
  • Brødskjever
  • Oregano-krydder (frivillig)

1 boks med terrina pizzafyll rekker til ca. 10-12 skjever.

 

Slik gjer du

Du skjærer opp nokon brødskjever, legg dei på ei brett med bakepapir.
Ha eit par ss med pizzafyll på kvar skjeva. Og ha eit par-tre osteskjever på kvar skjeva.
Krydre gjerne lett med oregano på toppen, dersom ynskjeleg.

Steik i steikeovnen på 225 grader i ca. 10 minutt.
Følg litt med.


Terrina pizzafyll, klar til bruk.

 

Wrap med kylling og aioli

Eg og mannen skulle på ein romantisk weekendtur til Oslo.
Og i den forbindelse så venta ein 5 timars lang togtur.
Og då måtte eg tenka på lunsj og matpakke, og kva eg kunne lage som frista.

Eg endte med å ha wrap med grilla kylling og Aioli.
Dette var heilt nydelig. Så godt, og så enkelt!

Du treng:

  • Grove tortillalefser
  • Grilla kylling, eller salatkylling.
  • Aioli
  • Agurk
  • Paprika
  • Mais
  • Aluminiumsfolie (dersom du skal ha den som matpakke)

Dersom du kjøper kylling, som du må steike sjølv, så gjer du sjølvsagt dette fyrst.
Dette kan gjerast dagen i forvegen, dersom du har det travelt. Grilla kylling er mykje saftigare enn vanleg kyllingfilet, og så er det mykje enklare å berre rive av dei bitane du trenger.

Du hakker opp agurk og paprika, og finner fram mais og aioli.

Legg dei grove tortillalefsene på bordet, smør eit tynt lag med aioli langs midten og oppover. (Aiolien satte prikken over i’en, så den anbefalast varmt)
Ha deretter oppå kylling, agurk, paprika og mais.
Wrap saman lefsa, og surr den inn i aluminiumsfolie dersom du skal spare den til seinare.

Pizza-Baguettar

Pizza-baguettar. Så godt, så enkelt.

Som dei fleste sikkert veit, så er dette super enkelt å laga.

 

Ein kjøper berre baguettar, skjærer dei opp, på toppen.
Men ikkje skjær for djupt, då brekker dei berre i to.

Lag pizzafyll, eller kjøp ferdig pizzafyll på boks, og ha ost på toppen.

I dessse som eg laga, steikte eg kjøttdeig og løk. Og hadde pizzasaus og mais i.
Fyllet la eg i sprekken på baguettane (forsiktig, så baguettane ikkje brekker).
Ha ost på toppen, og steik ved 200 grader i  5-10 minutter, til baguettane er gyldne og ser ferdige ut.

 

 

Vil du ha eit litt sunnare alternativ kan ein, i staden for å nytta baguettar, bruka litt grovare brødskjever.
(Dette laga meg i elevkantina på barneskulen og solgte for 5 kr/stk. Kjempe gode, og kjempe populære)

 

Quesedilla med Kylling og Cottage Cheese

Veldig godt og enkelt mellommåltid, eller ein lett middag.

 

Du treng:

  • 3 tortillalefser
  • Kyllingfilet
  • 1/2 boks Cottage Cheese
  • 1 chili
  • litt revet ost

Hakk kyllingfileten opp i små bitar, og steik dei.
Evt. kan du bruka bogskinka.
Bland kyllingbitane med cottage cheese,opphakka chili og ost.

Fordel fyllet på halve tacolefso, og brett over.
(slik at du får ein halvmåne)

Steik lefsene i ein toastjern, eller evt. på ei steikepanna,

Del lefsene i to, og servèr!

Innbakte Pølser


Innbakte pølser er noko eg alltid har hatt lyst å prøvd å laga.
Dette er innbakte pølser med pizzasaus og smelta ost. Fyllet inni går an å variera, og evt. eksperimentera med.
Idag blei det pizzasaus på glas og revet ost. Rett og slett fordi det var det eg hadde i kjøleskapet denne dagen.

 

Du treng:

  • 12-24 pølser (12 dersom du skal ha kun ha halve pølser og 24 dersom du kun skal ha heile pølser inni brødet)
  • 1 pk Gjær
  • Mjøl
  • 3 dl Vatn
  • 1 ts Salt
  • ein slump med olja

 

Du begynner med å laga deigen. Bland tørrgjæren i mjølet, eller ferskgjæren i lunka vatn.
Ha salt og olja oppi. Og tilpass deigen med mjøl. Lat den stå å heva til dobbel storleik (ca. 1 time).

 

Når deigen har heva så deler du den opp i 3 evner.
Kjevl ut evnen til ein så og sei sirkel. Skjær den opp i 8 «pizzastykker».

Ha saus og evt. det fyllet du måtte ynskje, ytterst på stykkene.

Legg pølsa (enten heil, som vist på bilete, eller halv) ytterst på stykket, og rull innover.
(I min produksjon vart det eit brett med heile, og to med halve. Då fekk eg akkurat brukt opp alle pølsene i pølsepakken

.

Legg dei på eit brett, og pensle md eit egg og/eller dryss litt revet ost på toppen.
(Eg valgte å ikkje pensla, men dryste litt revet ost på toppen)

Steik på 210 grader i ca. 20 minutter.
(Til deigen byrjar å verta gyllen, og ser gjennomsteikt ut)



Pestoriserte Tacolefser

Som du sikkert skjønte, så hadde eg litt problem med å finna ut kva eg skulle kalla denne enkle, gode lunsjen 😉

Dette er i bunn og grunn tacolefser med kvitost, skinka og pesto. Veldig raskt og enkelt og laga.

Du treng:

  • Tacolefser
  • Kvitost
  • Skinkepålegg
  • Pesto

 

Du legger fyrst litt kvitost på tacolefsene, og så litt pesto oppå der igjen.

Så legger du skinka opp der igjen.

Deretter bretter du sammen lefsene.

Legg så lefsene opp ned, på ei langpanna kledd med bakepapir.
Det kan renne litt pesto ut, derfor kan det vere lurt å bruke bakepapir.

Steik dei så på ca. 225 grader i ca. 10 min.
Dei er ferdige når osten inni har smelta, og tacolefsene har begynt å verta gyldne, og sprøe.

Omelett

Omelett.. ein god start på dagen 🙂
Eller ein lettvint og god lunsj.

 

Du treng:

  • 2 egg
  • 2 eggeplommer
  • 3 ss mjølk (eller vatn)
  • litt salt
  • litt pepper
  • 1 stk chili
  • purreløk
  • skinke (eller anna kjøttpålegg)
  • ost

Her er det kun fantasien som setter grenser for kva ein kan ha på. Finn fram det du har i kjøleskapet og hiv det på.

 

Visp sammen 2 egg og 2 eggeplommer, ha i ca. 3 ss mjølk, litt salt og litt pepper.

 

Kutt opp chilien. Snitt den på midten, og skjær ut alle frøene. Hakk opp i små bitar.

 

Kutt opp purreløk. Eg synst purreløk er veldig godt å ha i omelett. Nesten eit must.

 

Hakk opp skinka, eller anna kjøttpålegg. Som du ser, så hadde eg kun Vossafår, men det funke fint det òg.

 

Hell deretter røra over ei godt smurt steikepanna. Og drøss så over det du skal ha på. Til slutt strør du ost over.

Når osten er smelta, og røro ikkje er rennande lengre. Så er den ferdig.

Bon Apetitt!

Arme Riddara

Irriterar du deg stadig øve tørre brødskjever på kjøkkendisken, og at dei dermed havnar i bosset?
Her er løysinga: Arme Riddara.

Du treng:

  • 10 Brødskiver (helst loff, men går fint å bruka det du har)
  • 4 Egg
  • 5 dl Mjølk
  • 0,5 ts Kanel
  • 1 ts Kardemomme

Denne oppskrifta gjer deg kanskje opptil 10 brødskiver (eg steikte 6, og eg løyvde ein del) 

 

Knus 4 egg og visp dei, bland i mjølka.

 

Ha deretter i 0,5ts kanel og 1ts kardemomme.

 

Legg brødskivene i røro, og la dei ligga der ei lita stund til dei er gjennomtrukne.

 

Legg dei dermed på ei godt smørt steikepanna på middels varme, og strø kanel øve.

 

Steik dei godt på begge sider, med kanel på. 

 

Servèr med rørte bær eller syltetøy.