Lappar

 

Du treng:

  • 4 dl kefir
  • 5 ss Sukker
  • 2 egg
  • 1 ts natron
  • 4 dl Kveitemjøl

Ha kefir, sukker og egg i ein bolle, og visp saman. Bland i det øvrige og rør til det blir ein klumpfri røra.

Eg har steikt dei på ei takkeplate, men ein kan fint bruke steikepanna òg. Då bør denne vere teflonbelagt.

Eg har ikkje brukt feitt på steiketakka når eg har steikt desse, og det trur eg ikkje du skal trenge ved steiking i steikepanna heller.

Servèr nysteikte lappar med sylta eller brunost på. Nydelig godt.

Kan frysast òg.

 

Kjelde: https://www.detsoteliv.no/oppskrift/lapper
( i denne oppskrifta står det at du skal ha hornsalt, men eg har brukt utan, og det funker nett like godt)

Laks og grønnsaker i folie

 

Du treng:

  • Laksefilet
  • Brokkoliblanding
  • Mini-mais
  • Rømme
  • Ris
  • Aluminiumsfolie

 

Laksefileten må vere tint.

Du legger grønnsakene på ein stor aluminiumsbit.

Kutt opp mini-maisen i litt mindre biter (eg deler ofte ein minimais i 3 biter).

Legg laksen på toppen. Du lukker aluminumsfolien over, men ikkje lukk den for tett, ha gjerne ei lite glipa.

Steik på 225 grader i ca. 25-30 minutt, og så sjekker du tilstanden på fisken. Den er sikkert ikkje ferdig steikt, så då kan du berre la aluminiumsfolien vere open, og steik den vidare i 10-15 minutt. Sjekk om laksen er ferdig.

Server med ris og rømme. Rømme er kjempe godt til, og anbefalast virkelig!

Wienerstang

 

 

 

Du treng: 

  • 1 pakke frossen butterdeig
  • 1 pakke vaniljekrem
  • 1 pakke makronfyll
  • Skolda mandlar
  • Perlesukker
  • 1 egg

Slik gjer du:

Lat butterdeigen kvila på kjøkkenbenken ein halvtimes tid før du begynne, slik at dei får tint seg.

Når butterdeigen er tint, så legger du to butterdeiger etterkvarandre på langs, med ein liten overlapp. Slik at du får ein lang butterdeig.
Då skal du få 3 remser på eitt brett – Sjå bilete ovenfor (der mangler eine remsa)

Så tar du ein skarp kniv og snitte ca. 0,5 cm inn frå kanten og nedover langs kanten, men ikkje skjær igjennom, berre snitt forsiktig.

Så blander du makronfyllet etter anvisning på bakken. Fordel makronfyllet nedover i midten på butterdeigen, ikkje så breidt som på bilete, kanskje.

Så tar du vaniljekrem, rør gjerne litt nedi vaniljekrem-pakken slik at den blir litt mjuk. Og så fordeler du vaniljekremen nedover på utsida av makronfyllet. Det er vaniljekremen som er god, så du kan godt vere litt raus med vaniljekremen.

Pensle kantane med eitt egg, og strø perlesukker og skolda mandlar over heile butterdeigen.

Steik på 200 grader i 20-25 minutt

Kjelde: https://www.godt.no/oppskrift/8444/enkel-wienerstang 

Grove Yoghurtmuffins med jordbær og/eller blåbær


 

Du treng:

  • 4 dl sammalt hvete
  • 1 dl kveitemjøl
  • 2 ts vaniljesukker
  • 1 ts bakepulver
  • 0,5 ts natron
  • 2 ss melange
  • 0,5 dl honning
  • 2 stk egg
  • 1,5 dl naturell yoghurt
  • 1,5 dl mjølk
  • Jordbær og/eller blåbær
  • Muffinsformer

Eg laga dobbel oppskrift, og hadde èi korg med jordbær. Det var eigentleg ikkje heilt nok. Derfor hadde eg blåbær i nokon av muffinsane.
Eg kjøpte òg ein heilt ny pakke med mellomstore muffinsfomer (usikker på antall former), men ved dobbel oppskrift så gjekk absolutt alle formene.

 

Slik gjer du:

Sett ovnen på 180 grader.

Bland alt det tørre i ein bolle.

Smelt steikesmør og honning i ein kjele til det blir flytande. Ta kjelen av steikeplata og bland i det andre våte.

Bland det våte i det tørre, og visp til det er ei jamn røra.

Rensk jordbær og kutt dei opp i biter, og ha dei oppi røra. Eventuelt blåbær dersom det er å foretrekke. Begge deler går òg fint.

Fordel røra i muffinsformene, og steik på midterste rilla i ca. 20 – 25 minutt.

 

Tips:
Eg har alltid misunt dei som klare å få fine, runde muffinsar. Til jul i fjor fekk eg eit muffinsbrett, som eg no endeleg fekk testa ut.
Og det kan absolutt anbefalast! Du trur kanskje du ikkje trenger det, men muffinsane blei 10 gonger finare 🙂

 

 

Kjelde: https://www.mills.no/oppskrift/soft-flora/jordbaermuffins/

Men her har eg vore litt mistru mot oppskrifta og brukt melange i staden for Soft Flora.
Beklager Mills!

 

 

 

Kald Kyllingtaco

Endeleg eit nytt bidrag til helgekosen. Fortsatt i taco-verden, men med ein litt ny vri.
Litt uvant å ete denne kald, kanskje, men den er faktisk veldig god!
Eg anbefaler å prøve den. Me likte den i allefall veldig godt, og me kjem garantert til å lage den fleire gongar.
Det som òg er veldig bra med denne oppskrifta er at den er kald, dvs. at du treng ikkje å steike den i steikeovnen og du kan faktisk lage den i god tid på forhand 🙂

Du treng:

  • 750gr – 1000gr Kyllingfilet
  • 2 pk Fajita Spacemix
  • 2 glas med tacosaus (me brukte ein middels og ein hot, men kunne med fordel brukt to hotte)
  • 1 beger med rømme
  • 1 pk majones
  • 1 beger (200 gr) Piladelphiaost, naturell
  • 1 raudlauk
  • 3 stk raude paprika
  • Mais
  • 300 gram revet ost
  • Salt, pepper, og gjerne litt sitron (eller sitronsaft

 

  • Kvitløksbaguettar
  • Salat

Denne oppskrifta er veldig drøy i oppskrift, så den mettar sikkert minst 4-5 personar.

 

Slik gjer du
Begynn med å kutt opp kyllingfilet i små bitar, og steik desse.
Bland i Fajita Spacemix, og kanskje pittelitt vatn. La vatnet i såfall trekke inn.
Avkjøl kyllingen.Kyllingen skal vere kald.

Bland rømme, piladelphiaost og majonesen til ein slags ostesaus.
Smak til med litt salt, pepper og gjerne litt sitron (eller sitronsaft).

Kutt opp paprika og rødløk i biter. Og bland paprika, rødløk og mais.

Dette skal leggast lagvis i ei form, i følgjande rekkefølgje:

  1. Ostesaus
  2. Tacosaus
  3. Kylling (må vere kald)
  4. Grønnsakene (paprika, rødløk og mais som er blanda)
  5. Revet ost

Servér gjerne med kvitløksbaguettar og ein liten salat om ynskjeleg.

Vel bekomme! 🙂

 

Pizzaskjever

Så godt, så enkelt!
På bilete så ser dei kanskje ikkje sånn super delikat ut, men det smake deilig. Det lover eg deg!
Terrina sin ferdige pizzafyll er så enkel, men óg så god. Skjevene smaker kjempe godt og brødskjevene blir litt «rista».
Passer fint å bruke brødskjever som holder på å bli litt tørre. Kan frysast.

Desse pizzaskjevene laga me forøvrig på barneskulen.
Då hadde nokon av elevane kantinedrift 2 gongar i veka for dei andre elevane, der desse skjevene blei laga og solgt for 5 kr stk.

 

Du treng:

  • Terrina Ferdig pizzafyll (sjå bilete nederst)
  • Kvitost
  • Brødskjever
  • Oregano-krydder (frivillig)

1 boks med terrina pizzafyll rekker til ca. 10-12 skjever.

 

Slik gjer du

Du skjærer opp nokon brødskjever, legg dei på ei brett med bakepapir.
Ha eit par ss med pizzafyll på kvar skjeva. Og ha eit par-tre osteskjever på kvar skjeva.
Krydre gjerne lett med oregano på toppen, dersom ynskjeleg.

Steik i steikeovnen på 225 grader i ca. 10 minutt.
Følg litt med.


Terrina pizzafyll, klar til bruk.

 

Fastelavensbollar

Til Fastelaven og morsdag, så ville eg, etter gamalt, prøve meg på fastelavensbollar.
På facebookgruppa «Mat fra bunnen» så la eg merke til at mange anbefalte «Tonnys superluftige hveteboller».
Så eg tenkte like greitt eg skulle prøve dei. Er ikkje så ofte eg baker søte, enkle boller.
Og desse blei jo riktig så gode. Eg laga kanelsnurrar av resten av deigen, og det funka veldig bra det òg.

 

Du treng:

  • 1 liter mjølk
  • 300 gam smør (margarin)
  • 250 gram melis
  • 100 gram gjær (2 pakker – enten fersk eller tørr – eg brukte blå ferskgjær)
  • 1 ts kardemomme
  • ca. 1 1/2 kg kveitemjøl – pass på mjølmengda!
  • 1 egg til pensling

 

  • 3 dl Kremfløyte
  • 3 ss vaniljekrem
  • Valfritt syltetøy
  • Melis til pynt (valfritt)

Slik gjer du

Kok opp mjølk, margarin og melis (eg sikta melisen oppi, i frykt for klumper).
Lat smørblandinga avkjølast til fingervarme. Dette er viktig i forhold til gjæren.
Hell deretter smørblandinga i ei større bakebolle.

Dersom du velger ferskgjær så blander du gjæren direkte med den fingervarma smørblandinga.
Og deretter blandet kardemommen med litt av mjølet, før du har det oppi smørblandinga.

Bruker du tørrgjær, så blander du tørrgjær og kardemomme i litt av mjølet, før du har det oppi smørblandinga.

Ha oppi meir mjøl, og tilpass slik at deigen blir lett å jobbe med.

Trill ut bollar med ein gong og pensle med egg.
Sett til heving i ca. 1 time. Jo lengre jo betre, men iallefall 1 time bør dei hevast.

Steik midt i ovnen ved 250 grader i 7-10 minutt.

Når bollane har avkjølt litt, så kan ein piske 1 (liten) boks med kremfløyte (3 dl) til krem.
Vend deretter forsiktig inn ca. 3 ss med vaniljekrem.
Ha littegrann syltetøy på bollen (eg foretrakk bringebærsyltetøy), og deretter litt krem.
Av praktiske årsaker valgte me å ete fastelavensbollane halve. Så slapp kremen å «tyte» ut, og alt blir søl.
Like bra, om ikkje betre.

Den eine bollen eg laga som illustrasjonsbilete, laga eg på vanleg måte.
Eg klipte ut eit hjerta i papir, la over bollen og sikta litt melis over. Enkelt og greitt.
 

Saftig og god sjokoladekaka

Til bursdagen til eldste guten baka me ei nydelig god og saftig sjokoladekaka.
Sjokoladekaker har ofta ein tendens til å bli litt tørre og kjedelige.
Men denne oppskrifta med Kefir i, gjer den utruleg god og saftig.

Du treng:

  • 190 gram smør
  • 600 gram sukker
  • 7,5 dl Kefir
  • 600 gram mjøl
  • 3 ts natron
  • 6 ss bakekakao

 

Glasur:

  • 100 gram smør
  • 100 gram lys kokesjokolade
  • 500 gram melis
  • 8 ss kaffi
  • 2 ts vaniljesukker
  • Kokos, kakestrøssel eller liknande dersom ynskjeleg

Slik gjer du:

Sjokoladekaka

Smelt smøret og bland i sukker

Bland i resten av ingrediensane

Steik i langpanna på 200 grader midt i omnen i ca. 35 minutt

Lat kaka avkjøle seg skikkeleg før ein byrjar på glasuren.

Lag gjerne kaka kvelden før.

 

Glasur

Smelt smøret og sjokolde. Ha i resten av ingrediensane.

Smør glasuren ut over den avkjølte kaka med ein gong før den stivnar.
Her må du jobbe fort. Ha gjerne på kokos eller anna strøssel over for å pynte opp kaka litt.

 

 

Hjortesteik med potetstappa og rotgrønsaker

Ei vakker helg i november inviterte med ned svoger og svigerinna med familie på sundagsmiddag.
Endeleg eit godt høve til å eta opp den hjortesteika som svigermor kom med i fjor.
Og middagen blei meir enn vellukka!
Menyen bestod av: Hjortesteik, potetstappa med bacon i, steikte rotgrønsaker, smørsteikt kantarell og brun saus.
Til middag var me 4 vaksne og 3 barn. Restane som var igjen var nok til ein liten middag for 2 vaksne.

Me hadde ca. 2.7 kg hjortesteik, men noko av det var sjølvsagt bein.
Så kanskje 2 kg med reint kjøt?

 

Hjortesteik

  • ca. 2 kg hjortesteik
  • Salt & Pepper
  • Nøytral olje
  • Smør
  • Timian

Grønsaker

  • Rotgrønsaker (Eg hadde kålerabi, gulerøtter, jordskokk og redikk)
  • Olivenolje
  • Sitron eller sitronsaft
  • Salt & pepper

Smørsteikt Kantarell

  • Kantarell
  • Smør
  • Salt & Pepper

Potetstappa

  • Poteter (1,5 kg? – Eg brukte Kerrs Pink, som eg ganske mjølne)
  • Bacon, i små biter
  • Nokon ss med smør
  • Salt & Pepper
  • Evt. litt mjølk eller fløyte

Brun saus

  • 3 buljonterningar
  • 1,5 liter vatn
  • 6 ss smør
  • 6 ss mjøl
  • Litt fløyte (eg brukte kremfløyte)

 

Det var litt vanskeleg å finne ut kva rekkefølge som var den beste. Men eg anbefalar deg å lese gjennom heile oppskrifta fyrst og tenke igjennom kva som passar best for deg. Vil kanskje anbefale å kutte opp grønsakene fyrst, og gjere det klart. Og deretter skrelle poteter og sette dei på kok. Når den type forarbeid er ferdig, så kan ein begynne å tenke på Hjortesteiken, potetstappa, bacon, kantarell og sausen.

Hjortesteiken

La hjortesteiken ligge i romtemperatur i ca. 30 – 60 minutt før du begynner å tilberede det.

Sett steikeovnen på 125 grader.
Gni kjøttet inn i salt og pepper. Brun hjortesteiken på alle  i ei steikepanna, enten med olje eller smør i.
Ha deretter litt meir smør (ikkje olja) i panna. Drøss timian og smelta smør over steika.
Legg steika i ei eldfast form eller i ei langpanna kledd i aluminiumsfolie.
Putt i steiketermomteret ca midt i den kjøttfulle delen.

Steik på ca. 125 grader.
Oppskrifta eg fann sa at ein skulle beregna ca. 1 time på 1 kg. Me valgte å dele vår steik i to fordi den var så stor (og ikkje avlang).
Me var redd for at den ikkje skulle bli skikkelig steikt heilt inn mot midten. Men me hadde sett for oss at den skulle stå i ovnen i allefall 1 time, men steiketermomteret begynte å pipe etter 30 minutt. Så me måtte ta den ut og skjære litt i den for å sjekke om den faktisk var ferdig allereie, og det var den, faktisk! Så det er ikkje alltid godt å vite kor lenge den skal vere i.

Men når steiketermomteret viser 65 grader, så skal den vere medium pluss.
Ein plass fann eg at 60-65 grader var medium steikt
65-67 grader var medium pluss, og 70 grader var gjennomsteikt.
Eg er alltid redd for at steika blir for tørr. Me tok den ut på 67 grader, og det var heilt perfekt.

Rotgrønsaker
Kutt opp rotgrønnsaker.
Me kutta opp gulerot og kålerabi i lange strilmer.Og redikk i skjever.
Jordskokken kutta me opp i skjever, og steikte på steikepanna med salt og pepper (me skrelte ikkje jordskokken. Skallet var på)
Alle grønnsakene la me i ei eldfast form, hadde litt olivenolje, sitronsaft og salt og pepper over.
Eldfast forma la me inn i steikeovnen saman med hjortesteika.
Eller me la det inn når steika var ferdig, fordi me bomma litt på tida, som du las ovenfor. Men grønsakene var i steikeovnen på 125 grader i sikkert 30 minutt, om ikkje lengre.

Potetstappa
Me skrelte ein god del poteter og satte dei på kok (me bruke Kerrs Pink, som er litt mjølne).
Litt usikker på kor mange eg kokte. Kanskje 1,5 kg? Men dette var kanskje litt mykje. Hadde ein del restar, men så tenkte me at det alltid går mykje potetstappa (både vaksne og ungar elsker potetstappa).

I mens potetene kokte, så kutta me bacon opp i terningar, og steikte desse på panna.
Når potetene var ferdig så moste me potetene i kaserollen, og tilsatte ein del ss med steikesmør, salt og pepper.
Og så hadde me litt fløyte (ev. mjølk) for å få den litt mjukare.

Smørsteikt kantarell

Me steikte litt kantarell i smør, og hadde salt & pepper over.
Dette var veldig godt inntil.

Brun saus

Ein klassisk brun saus. Kok opp 1,5 liter vatn med 3 buljongterningar i, slik at buljongane løyser seg opp.
(5 dl vatn pr buljongterning, slik det står på pakken).
Deretter smelter me 6 ss smør i ein anna kaserolle, og tilsetter 6 ss mjøl.
(på 0,5 dl saus og buljongvatn, bruker eg 2 ss smør og 2 ss mjøl)
Dette bruner eg på middels høg varme til jamninga blir brun (dette er ein tolmodighetsprøve. Så ha god tid. Og rør HEILE TIDA, det er lett for at det svir seg, og då blir ikkje sausen god!). 

Når jamninga begynner å bli brun, så må eg få hjelp av mannen.
På med kjøkkenvifta for fullt, opp med kjøkkenglaset og igjen med stovedøra.
Han rører som ein gal med spiralvisp, og eg har i buljongvatnet litt og litt.
Her snakkar me høg varme, og teamarbeid! Me får det til, som regel kvar gong. 
Det er i slike stunder det føles godt å ha funne sin lojale sausepartnar 😉

Sausen smaker du til med salt og pepper. Veldig ofte føler eg at ein ikkje trenger så mykje salt og pepper, om ein treng det i det heile tatt. Buljonvatnet er ganske salt i seg sjølv. Men som sagt, smak deg til. Her hadde eg faktisk litt meir fløyte oppi.

Utfordringa med denne middagen var å planlegge slik at alt blei ferdig omtrent samtidig.
Sidan steika blei ferdig tidlegare enn antatt, så krasja dette litt. Men det gjekk greitt.
Så lenge alt er tålig lunka, og sausen er rykande varm, så går det som regel greitt.
 

Får eg tildelt hjortesteik fleire gongar, så har eg oppskrifta for ein komplett og vellukka middag her! 🙂