Enchiladas


Eg pleidde å kjøpa sånn Enchiladas Dinner-Kit, men så slutta dei tydeligvis å selga det Dinner-kitet, så då måtte eg læra meg å laga det sjølv. Noko eg burde gjort lenge før, for dette var jo super enkelt. Iallefall visst du jukse med å kjøpe Enchiladas-krydder.

Du treng:

  • 600-800 gram kyllingfilet
  • 1 pakke Enchiladas-krydder
  • 1 pakke med hakka tomater
  • 2 ss tomatpurè
  • 1,5 dl varmt vatn
  • 1 pakke med tacolefser (ca. 8 stk)
  • 5-6 dl ost

Du begynner med å knuse dei hakka tomatene med ein stavmiksar, slik at du får ut klumpane og får ein jamn saus.
Så har du i 2 ss tomatpurè, Enchiladas-krydderet og vatnet. Smak til me eventuelt litt meir tomatpurè.

Deretter kutter du kyllingfileten i små biter, og steiker dei.
Når kyllingen er steikt, så fordeler du ca. halvparten av sausen i kyllingen.
Tilsett ca. 2 dl med raspa ost. La dette få småputre litt, slik at osten smelter og det blir ein «seig» masse.

I mellomtida kan du raspa endå litt meir ost.

Når kyllingen og sausen har putra litt, så fordeler du ca. 2-3 ss i midten på kvar tacolefse, og ruller dei saman.
Legg tacolefsene i ei smurt eldfast form.

Deretter har du resten av sausen på toppen av alle lefsene, pluss litt revet ost.

Steik på ca. 225 grader i 15-20 minutt til osten er smelta.

Servèr med kvitløksbaguettar
(Eit tips er å legge kvitløksbaguettane inni steikeomnen samtidig med Enchiladasen så blir dei ferdig ca. samtidig)

 

Vel bekomme!

En kommentar om “Enchiladas

Legg igjen en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær hvordan dine kommentardata behandles..