
Ein av mine favorittar av dei 4 konfekt-typane eg laga.
Eg er veldig glad i kaffismak, og baileysen gjorde underverk.
Du treng:
- 200 gram marsipan
- 2-3 ss Baileys
- 100 gram lys kokesjokolade
- Oboy-pulver
Bland baileys i marsipanen og kna godt til baileysen har fordelt seg godt ut i marsipanen.
(ikkje ha for mykje baileys i, då blir marsipanen berre blaut)
Trill små kuler av marsipanen. Og sett dei på ei bakepapirkledd brett, som du setter i kjøleskapet i ca. 30 minutt.
Smelt litt kokesjokolade i eit vannbad, og dypp kulene i sjokoladen. Bruk gjerne to skjeier til å dyppa dei opp og ned.
Når heile kula er dekt med sjokolade, hiver du den rett over i ei skål med oboy-pulver.
Ver forsiktig med sjokoladen, og ikkje vend for mykje på kula. Då sklir sjokoladen av.
Bruk gjerne ei skjei til å strø oboy-pulver over, mens den ligger i skåla med oboy.
Løft forsiktig kula over i ei mini konfekt-form.
Sett brettet med baileys-kuler i kjøleskapet til sjokoladen har stivna.
Ved servering tok eg dei ut av formene, og serverte dei som kuler.
Kjelde: Det Søte Liv
http://www.detsoteliv.no/oppskrift/baileyskuler