Oreokuler


Konfekt # 2 som eg prøvde i årets julebakst var Oreo-kuler. Desse gav eg òg bort i julegåver.
Pakka inn i små cellofanposar.

Du treng:

  • 16 stk oreo-kjeks
  • 200 gram Piladephiaost (naturell)
  • 200 lys kokesjokolade
  • Strøssel

Eg dobla denne oppskrifta då eg skulle gje vekk i julegåver.

 

Knus oreokjeksene enten i ei kjøkkenmaskin, eller slik som eg gjorde: Legg kjeksene i ein brødpose, som du igjen legg i ein brødpose, og knus med ein biff-hammar e.l.

Bland dei knuste oreo-kjeksene med piladelphia-osten.

Form små runde kuler av massen. Her blir du veldig klissete på henda. Du må skylla henda ofta.
Eg følte at det var mykje enklare å trilla kuler når ein var litt småvåt på henda, så eg skylte henda veeeldig ofta.

Sett kulene på eit bakepapir-kledd papir, og sett det kjøligt.
Enten i frysen i ca. 1 time, eller i kjøleskapet over natta.

Deretter smelter du lys kokesjokolade i eit vannbad.
(Altså knekk sjokoladen i bitar, og ha dei i ein glass- eller stålbolle, som du setter over ein kaserolle mens vatnet i botnen småkoker).

Når sjokoladen er smelta, så bruker du to skjeier som du fører kulene ned i bollen med. Når heile kula er dekka i sjokolade, tar du dei opp og legg kula i ei mini konfekt-form. Og deretter strør du strøssel over (eg syntes det var så vanskeleg å dyppa dei i strøssel, at eg berre dryssa strøssel over kulene mens dei låg i forma.

Lat kulene stå i kjøleskapet til sjokoladen har stivna heilt.

 

Kjelde: Det Søte Liv
http://www.detsoteliv.no/oppskrift/oreokuler

Legg igjen en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær hvordan dine kommentardata behandles..